Kategori: Soltun Page 2 of 4

Følg oppussinga av huset!

Eit år er omme, og eit nytt i emning!

Det har vore stille på Soltun i sommar. Graset, tunet og oppkjørsla grodde saman til ei grøn slette, støvet hadde lagt seg finare enn nokon gong og døra har stort sett vore låst. Denne sommaren er det ei lita tulle som har trengt all den oppmerksomheit me kunne avsjå, men me har sett og høyrt at me ikkje har gått glipp av det finaste vêret mens me har vore innlosjert på sjukehuset i Haugesund.

Klokkene har for lengst kimt inn til jul, og det er kanskje på tide å oppsummere kva som har skjedd sidan sist. Mykje er nok gamalt nytt for dei aller fleste, men håpar likevel du tek deg tid til å skumme gjennom tekst og bilete!

Tunet er klart for sommar og sol!

Det ser jammen meg ut til at det er gått eit del veker sidan førre oppdatering, men me skyldar på ein god klatt latskap for det digitale etter at sola har gjort sitt inntog… Her er nokre korte oppdateringar med bileter som skal hente inn det «tapte». Som du ser er det ganske mykje meir enn berre oppussing som har vore på plakaten.

Vårtegn i hagen!

Våren er komt til Hornelandsvegen 23! Er det noko eg er spent på med huskjøpet vårt er det alt som kjem til å dukke opp i hagen utover våren og sumaren. Dei som budde her før oss hadde visstnok særs «grøne fingrar», og tanken gir meg ein smule prestasjonsangst.. Her er noko av det eg fant på oppdagelsesferden min i dag!

Knock, knock, anyone there?

Joda, me er fortsatt her! Sidan me er flytta inn må me berre seie at dei største tinga som er verdt å blogge om ferdig, men ikkje tru at me ligg på latsida for det: Me har måkt fleire tonn med snø…

Jula varer faktisk heilt til påske!

Me merkar etter vel to veker i huset at me går ei tid i møte der me må vere særs tilpassningsdyktige med tanke på oppussing og flytting av romfunksjonar frå det eine rommet til det andre. Men det som er kjekt, er at for kvar ting me no gjer ser me at det meir og meir vert eit komplett og finpussa hus!

Page 2 of 4

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén