Kjenner du oss? Kjenner Espen Renate og vice versa?

Renate om Espen:

Espen Morten Kvalheim såg dagens lys sumaren 1984. Han er født og oppvaksen på sumarøya Stord, hovedstaden i sunnhordlandsbassenget. Kona si måtte han derimot til Halsnøy, perla i sunnhordlandsbassenget for å finna.

Det fyrste eg falt for hos Espen var måten han snakka om vennene sine på. Gjennom måten han snakka på fortalte han meg at han er utruleg glad i, og stolt av, folka rundt seg. Ting han fortalte sa meg også at dette er ein kar du skikkelig kan stola på. Dette førte jo til at eg blei litt nyfiken på denne flotte ungfolen. Eg erfarte at Espen er ein sånn god ven eg trur alle egentleg skulle ynskje dei hadde! Ein sånn ein venn eg er særs takknemleg for å få lov å dela livet mitt saman med. Kva kan vel vera betre enn å gifta seg med sin beste venn?

Espen har ufattelig tørr humor. Innimellom er det slik at eg ler meir av han enn det han prøver å formidle. Han er særs klar over dette sjølv, og trives med det! I tillegg har Espen ein fascinerende kontroll over musklane i ansiktet sitt. Som han seier sjølv og som eg må sei meg heilt enig i; i filmen om Espens liv skal Jim Carrey ha hovedrollen.

Espen har ein heilt enorm lagringskapasitet for artistnavn og kven som har den og den tittelen og versjonen. Dette i rake motsetning til meg som er litt gullfisk på området. Han er ein stor fan av Radiohead og har alt som er gitt ut, men også eindel som ikkje er gitt ut, som han har fått i gave hos de.

Espen elsker Island. Dette mykje grunna bandet Sigur Rós, men også det fantastiske landskapet der. Han skal ta meg med dit ein gong, og det gleder eg meg veldig til! Me drøymde litt i begynnelsen om å gifte oss i ei lita kyrkje der..

På fritiden jobber Espen som grafisk designer. Han lagar bøker, brosjyrer, websider og slikt.

Sitat Espen: «Eg elskar deg eg sjølv om eg må dela deg med Jesus..»

Gleder meg til kvar dag eg skal få bli betre og betre kjent med deg Espen!

Eg Elskar Deg!!!

Espen om Renate:

Renate er ei likandes jente. Eg seier ikkje det berre fordi eg er gift med ho – ho ER det! Eg kunne lagt ut opp og ned i mente om denne jenta. Sjølv om websider er ganske fleksible i høgda når det gjelder mengder med tekst, skal eg la scrollehjulet på datamusa di få kvile, for det er mykje fint eg kunne skrive om Renate.

Renate er født og oppvaksen ved og i stor grad sjøen ved Halsnøy. Sjøen er noko som står ho tett til hjarta, og sjøglimt frå leiligheit har alltid vore eit kriterie. No har me fått stort hus med god utsikt til både sjø og Halsnøy!

Ho er verdens beste kokk! Snill som ho er, er det som regel mat på bordet når ein sleten gamal kar som meg kjem heim etter ein lang dag på arbeid. Som regel er det ganske så ryddig rundt meg også. Ein racer på å stelle og styre i heimen, og ho veit akkurat kva som skal til for å smelte ein mann som meg…

Det er over to år sidan eg første gongen sat og preika med ho på Bocca i Bergen. Det var for å få brodern min over fjellet frå Oslo. Det vart meir snakk om kvarandre enn om bror min. Det forklarer kanskje kvifor han fortsatt er i Oslo og ikkje i Bergen… Med Renate kan eg snakke om alt – eller ikkje seie noko i det heile. Kva meir kan man ynskje?

Eg elsker denne dama! Eg måtte berre få sagt det.

Gleder meg til å dele resten av mitt liv med deg, Renate!