Godt nytt år, folks!

Me skulle nok ha publisert dette innlegget for ein halv evigheit sidan, men det har rett og slett vorte nedprioritert i alle baugar og kantar. Sidan sist har det vore både hauststormar og jul. Nok ein gong utan at snøen heilt veit korleis den skal oppføre seg i slike tider. I huset har me fått svingt både kost og sleiv, og eit nytt år er akkurat byrja!

Julastri?

Alle snakkar om denne såkalla julestria, men den verste stria klarte me å unngå — i alle fall stort sett. Julakortet var vel det me hadde planlagt lengst, men som me avslutta sist i juleførebuinga. Julepresangane var allereie kjøpt inn eller ferdig planlagt når me såg 1. desember på kalenderen. Nok ein gong måtte me gå for eit andre opplag på desse, til tross for mengden me trykte opp fyrst var stor nok i utgongspunktet (ref. biletet over).

At me skulle gå for berre ein sort vart litt vel overdrive i dette eksemplaret…

Julebaksten gjekk strålande, sjølv om det vart færre pepparnøtter enn fyrst ynskjeleg… Nytt av (fjor)året var at Renate lagde julegodter av forskjellige slag. Dette fall veldig i smak av underteikna! Eg kjente fort at det er bra eg har godtestogg resten av året…

Oppussing

Som nemnt har me byrja på gjestesoverommet i andre etasje. Her hadde me sett alle klutar til for at det skulle bli meir eller mindre ferdig til jul. Planen var at det skulle stå klart til overnattingsgjestane me fekk allereie i nyttårshelga. Klokka 2 på natta dagen før me tok juleferie på Halsnøy var me ferdige med å måle alle overflatene. Då var det berre det å putte inn møblement i romjula som gjenstod. Overnattingsgjestane kom og fekk æra over å vere dei fyrste til å sove på vårt nye gjesterom/kontor!

No gjestår det berre litt listing. Det er er jo ein smal sak, er det ikkje det?

I tillegg til rommet i andre etasje har eg også fått pussa ned og måla ein gamal sjenk me fekk frå mine besteforeldre på Leirvik, samt ein kommode som stod i huset då me overtok. Fyrstnemnte er allereie på plass i stova og fylt med service og andre «spisestove»-ting. Etterlengta!

Til slutt…

No står det vel berre att å dykk alle eit fortsatt godt nytt år!

Previous

Går som det susar!

Next

Haust, vinter, vår, sommar…

2 Comments

  1. Godt nyttår, ja. Snakkes til helgen <3 (-:

  2. Plutseleg 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén