Stikkord: jul Page 1 of 2

God jul, folkens!

Me må innrømme at årets julekort er kraftig inspirert frå leiketida i barndomen vår — i alle fall Espen sin. Lego/Duplo er òg vorten ein stor del av kvardagen til våre to minste, og då falt det naturleg å gjennomføre temaet!

God jul og godt nytt år ynskjes alle våre kjære og nære!

Julekort-Familien-Kvalheim-2014

God høgtid til deg!

Julekort-2012

Det er ei stund sidan sist oppdatering her på sida vår. Det har retten og sletten ikkje vore ekstra tid siste halve året. Prioriteringane våre har naturleg nok vore å leika med våre to små og fått med oss små og store hendingar i livet deira!

Me håpar på å kome sterkt tilbake, det vera seg til neste år eller seinare, men førebels får de kosa dykk med årets julekort frå familien  Kvalheim. I år har me henta inspirasjon frå 1866. Enkelt og greit!
Kan du finna nissen?

Då er det berre for oss å ynskje deg og dine ei velsigna julehøgtid og alt godt for det nye året!

Godt nytt år, folks!

Me skulle nok ha publisert dette innlegget for ein halv evigheit sidan, men det har rett og slett vorte nedprioritert i alle baugar og kantar. Sidan sist har det vore både hauststormar og jul. Nok ein gong utan at snøen heilt veit korleis den skal oppføre seg i slike tider. I huset har me fått svingt både kost og sleiv, og eit nytt år er akkurat byrja!

Går som det susar!

20111125-215806.jpg

Det lir mot jul og gjeremåla er mange. Oline har også funne ut at det er kjempegøy å gå på beina, og elskar å bruke kroppen både til turn og anna!

Eit år er omme, og eit nytt i emning!

Det har vore stille på Soltun i sommar. Graset, tunet og oppkjørsla grodde saman til ei grøn slette, støvet hadde lagt seg finare enn nokon gong og døra har stort sett vore låst. Denne sommaren er det ei lita tulle som har trengt all den oppmerksomheit me kunne avsjå, men me har sett og høyrt at me ikkje har gått glipp av det finaste vêret mens me har vore innlosjert på sjukehuset i Haugesund.

Klokkene har for lengst kimt inn til jul, og det er kanskje på tide å oppsummere kva som har skjedd sidan sist. Mykje er nok gamalt nytt for dei aller fleste, men håpar likevel du tek deg tid til å skumme gjennom tekst og bilete!

Page 1 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén