Kategori: Bryllaupet Page 1 of 4

Her vert det mykje snakk om bryllupsrelaterte ting.

Ferietid og leiketid

Oline har fått Duplo — MASSE Duplo!

Juni har akkurat passert på kalenderen og Oline og underteikna har hatt opptil fleire fantastiske bursdagsfeiringar, og Renate og eg har feira bryllaupsdag med hjartepizza på tallerken og saft i glaset. Ferien er rett rundt hjørna og om den vert nytta til å slikke sol, leike med Duplo eller sparkle gjesterom, skal den utnyttast til det fulle!

Eit år er omme, og eit nytt i emning!

Det har vore stille på Soltun i sommar. Graset, tunet og oppkjørsla grodde saman til ei grøn slette, støvet hadde lagt seg finare enn nokon gong og døra har stort sett vore låst. Denne sommaren er det ei lita tulle som har trengt all den oppmerksomheit me kunne avsjå, men me har sett og høyrt at me ikkje har gått glipp av det finaste vêret mens me har vore innlosjert på sjukehuset i Haugesund.

Klokkene har for lengst kimt inn til jul, og det er kanskje på tide å oppsummere kva som har skjedd sidan sist. Mykje er nok gamalt nytt for dei aller fleste, men håpar likevel du tek deg tid til å skumme gjennom tekst og bilete!

Frå tru til von!

bilde-1

Er det eigentleg ein forskjell? Uanskvett har me nå gått frå å sei at me trur me kjem inn til jul til at me håpar skikkelig masse på å komma inn til jul! Ingen ska få sei noko anna enn at da iallefall går på fram!

Da viktigaste var å få hengt opp stjerno i vinduet, så var eg fornøyd! Stilfullt? Fekk tilogmed støt hos mannen så da blei lys..

Takk!

Etter ein fantastisk feiring kjem det no her eindel bileter frå bryllaupet vårt, 27. juni 2009. Du kan også lese eventyret om oss som stod i festheftet. Ikkje nøl med å legge att ein kommentar på bileta!

Fleire bileter og film?

For dei av våre gjester som ynskjer tilsendt ein CD med fleire bileter og film frå bryllaupet, ver venleg å ta kontakt med oss ved å sende ein e-post til bestilling@renateogespen.com. Hugs å leggje ved namn og adresse. Telefon/mobilnummer kan også vere greitt.

Redigeringa av bileta og filmen er endå ikkje ferdig, du vil verta informert om når den vert sendt ut!

Med takk og venlege helsingar frå
Renate og Espen
21. juli 2009

Tusen takk!

Teke av Sjurd Skutlaberg.

Teke av Sjurd Skutlaberg.

Fyrst av alt vil me berre seie tusen takk til alle gjestane og ellers alle som gjorde dagen vår så perfekt som den vart!

Page 1 of 4

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén