Det var ein gong ein liten pjokk kalla Espen Oskeladd. I sine 16 fyrste år budde han på ei solfylt øy ytst i Hardangerfjorden. I det kvitaste og innerste huset i gata, på eigendomen Haukås på Bjelland, voks han opp saman med mamma Anne, pappa Åge Jonny og brørne Per og Pål, eh, rettelse, Andreas.

I forhold til visse andre eventyr, er Espen Oskeladd den mellomste gutten i søskenflokken. Det passar kanskje ikkje å kalla han for Oskeladd, i og med at verda sjeldan har bivåna ein gut som var så redd for å få skit på henda som han. Per Kristian, eller kort og greitt PK, er den av brørne som kanskje har vorten eit par erfaringar rikare, noko som Espen Oskeladd har nytta særs godt av dei siste åra.

Då Espen i barndomen ikkje pønska ut kva han vertfall ikkje skulle gjere i heimen, var sandkassa eit fast tilholdsstad saman med søskenbornet Kjell. Her var det byutvikling og trafikkavvikling, samfunnsdebatt og diskusjon som skaut både høgt og lavt i terrenget.

I dagens samfunn higer man etter å vere sunn og i god form. Espen er ikkje noko unntak. Etter mange forskjellige og hederlege forsøk på å finne formen innan forskjellige idrettar som turn og friidrett, hamna han tilslutt opp med å sparka skinnfidle i ti år.

Samstundes som Espen sleit ut bukser og auka forbruket av bleier med 0.3 % på Stord, var det ei lita prinsesse kalla Renate som vaks opp på Halsnøy, perlo i Sunnhordlandsbassenget. Ho har i motsetning til Espen, fått med seg alt 80-tallet hadde å tilby av pastellfargar og permanenter. I byggjefeltet på Eidsvik voks ho opp med saltvatn mellom tærne og fiskelukt i nasa. Her budde ho saman med mamma Frøydis, pappa Odd Emil, søstera Regine og brørne Remi og Reinert.

Delaktig i utallige ring-på-og-spring stunder, gjorde sitt til at ho etterkvart måtte få ut energien i Volleyball-miljøet på Halsnøy. I tillegg til, og kanskje på grunn av, bekjentskaper utanom normalen, var denne prinsessa ei ildsjel på øya. Saman med barndomskompisen Jan Magnar starta ho like godt ein skateboardklubb. Unormale aktivitetar for ei prinsesse kanskje, men du skal leite lenge etter ei prinsesse som har alt og alle så nært til sitt hjarta. Innimellom slaga må jo eikvar prinsesse også ha mat i magen. Då var det ikkje unaturleg at ho stakk innom bakaren på Sæbøvik for å kjøpe seg verdas beste skuleboller.

Etter mange år på barneskulebenken, og eit ukjent antall timar med geografisk input frå gode gamle O-fag, fekk jenta med dei lyse krøllene og guten med bollesveisen lyst til å sjå kva anna spanande verda hadde å tilby dei.

Prinsessa hadde fått fire års forsmak på verda, og den tida brukte ho på å studere til frisør på Stord for deretter å praktisere hårlokklyppinga i oljebyen Stavanger. Ettersom huden hennar ikkje var heilt einig i denne praksisen, måtte ho omskolerast for å få allergien blidgjort. I tida ho var på Stord, vart ho kjend med PK (altså bror til Oskeladden), og har sidan holdt kontakten med han. Ho reiste så langt, ja lenger enn langt, til byen mellom dei sju fjell, for å verta førskulelærar. Lite visste ho då at det var her, og i løpet av dei neste sju åra, livet hennar skulle forandre seg for all evigheit. På godt og vondt.

Etter eit produktivt halvt år på lærarskulen, vart ho utsett for ei bilulykke. Dette førte til at ho missa finalen i Noregscupen i volleyball og hadde årevis med trening for å få kropp og nakke på stell att føre seg. Takka vere drøssevis med gode vener og ein stor dæsj sjølvironi og latter, holdt ho humøret til ei kvar tid på topp. Ho sjarmerte mange, men det var ingen som klarte å målbinde prinsessa. Etterkvart som ho kom seg skikkeleg på beina og nærma seg skuleslutt, fekk ho jobb i barnehage i Bergen. Ein perfekt jobb for ei jente som likar å ha mennesker, i særleg grad barn, rundt seg heile tida.

Espen Oskeladd fann også ut at han skulle sette lykka på prøve i Hanseatane sin by. Etter endt skulegong gjorde han italiener av seg etter å ha fått fatt på jobben som mediegrafikar i Bodoni. På denne tida gjekk dagane i å stå opp, gå på jobb for så å kome heim og setje seg foran datamaskinens flimmerskjerm. Som oftast sat han åleine, men Kjell frå Sandkassemafian kom også innom for ein prat når det måtte passe.

Slik gjekk dagane til Oskeladden og prinsessa, år ut og år inn. Sove, spise, jobbe, leike og fundere. Fundere på kva dagane ville bringe av nye opplevingar.

Heilt til den dagen PK skulle møte Renate for å seie «på gjensyn» før han reiste over fjellet til Oslo. Året var 2007, det var siste påskedag og staden var kaféen Macumba i Bergen. På kvar sin stol sat prinsessa og Oskeladden og preika med kvarandre, og fann fort ut at dei kunne hjelpe kvarandre med å pusse opp leilegheitane sine. I tillegg ville dei begge to ha PK til å flytte til Bergen, og tenkte i den anledning at dei skulle starte «Prosjekt PK».

Ikkje før onsdag 9. mai fekk dei sjans å møtast att. På førehand hadde dei preika saman på den store verdsveven og avtala nærare at dei skulle halde eit styremøte i prosjektet deira. At det ikkje var ein saksleiar til stede kom klart fram ettersom dei kun nytta 15 minutt på å finne ut korleis dei skulle ordne med både jobb og leilegheit til PK. Dei restrerande fire timane gjekk i å preika om ditt, datt, da eina og da hitt som omhandla livet deira…

Frå fredagen same veka holdt desse to saman som fot i hose. Dei spiste strutseburger hjå Kjetil – ein av to felles kjente på denne tida, var på konsertar, spiste calzone og hang og slang rundtomkring i Bergen by.

Det nærma seg sumar, og begge kjente at det bobla meir og meir inni kroppen kvar gong dei møttest. Trass desse underfundigheitane i kroppen, tenkte dei at den andre heilt sikkert hadde mange andre meir interessante mennesker i livet enn dei sjølv. Prinsessa hadde jo halve kongeriket med slekt og vener hist og pist på si side, så Espen Oskeladd gav ganske fort opp håpet om å få prinsessa. Ho på si side trudde det same; det var ikkje sjans i havet at det kunne verta dei to. Han var så glad i venene han allereie hadde og var rett og slett for kjekk.

Slik holdt dei på nokre veker.

2. pinsedag same året starta med at dei tok turen til Hellesøy for å få med seg den sagnomsuste solnedgongen. Ein times køyretur frå Bergen endte i ei rimeleg skydekka oppleving. Men med sin private paparazzifotograf, Kjell, tok dei i staden flust med bileter som framleis sit frisk i minnet den dag i dag. Mest truleg grunna den uhorveleg friske sjølufta som breia seg innover svaberga i nattetimane. Etter å ha skilt lag med Kjell overnatta våre to heltar i leilegheita til Oskeladden i Fyllingsdalen. Ho i stua og han på rommet sitt.

Hadde det ikkje vore for at prinsessa, som er kjend for sine særs impulsive handlingar, kom inn på rommet hans og ytra sin tydelege meining om kor kjedeleg det var å sove bort denne morgonen – og Espen ikkje hadde turd å kyssa ho i panna, er det noko uvisst om du hadde sete å lese denne vakre historia i dag. I denne augeblinken og i dette rommet, med formiddagssola som vitne, var stemninga magisk. Dei låg der og fortalde om kva dei hadde følt for kvarandre den siste månaden, og undra seg over kor rart, men likevel naturleg det plutseleg var å snakke om det.

1. juni same år vart dei offisielt eit kjærastepar. Då dag vart natt spankulerte dei over Vidden frå Fløyen i nord, til Ulriken i sør. Sidan dette har dei utforska livets veg saman.

Ein vakker dag då prinsessa og Espen Oskeladd var ute på ein av sine mange vandringar, møtte dei far hennar som låg til kai med båt og mannskap.

«Nåh, liker han fisk?» spurde han dotter si.

Prinsessa svara at det gjorde han, og dermed var Espen Oskeladd tatt inn i varmen.

Fyrste sumaren saman reiste dei Noreg på kryss og tvers i ei raud Golf stasjonsvogn og oppdaga nye stader dei ikkje før hadde sett. Dei helste på vener og bekjente på vegen langs land og strand.

Same haust starta dei med oppussing av leilegheita til prinsesse Renate, og i mellomtida fekk ho låna husrom hjå Espen Oskeladd. Allereie på denne tida var det snakk om korleis dei begge såg for seg giftarmål, og det vart etterkvart ikkje mykje tvil om at det kom til å verta dei som skulle vere saman for evig og alltid.

Espen Oskeladd er som kjend ein liten luring. Før han tilogmed sjølv visste når han skulle gå ned på sine kne for å be om handa til prinsessa, sendte han ein førespurnad til Sunnhordland folkehøgskule om å få låne lokala bryllaupet fann stad.

Begge leilegheitane vart etterkvart pussa opp, det vart laga komlemiddagar og vinteren var like fråverande i Bergen som alle andre tidlegare år.

Etterkvart som vårblomane dukka opp, fann Espen Oskeladd ut han han skulle prøve på noko som ingen andre før han hadde gjort. Det var ikkje ein vakker dag i 1940, men 9. april 2008 renska han halsen, og slo nummeret til Oddemannen og spurte om han fekk lov til å gifte seg med dotter hans.

«Sjølvsagt!» svara han og lo. «Du er godkjend for leeenge sidan!». Det var visst ikkje noko tvil der i gården. Dermed fekk Oskeladden innvilga ynskje sitt.

Etter ein koseleg middag saman med prinsessa i livet hans, enda dei opp med å spankulere omkring i Gamle Bergen. Her gjekk praten i sol, vår, tida deira saman, og ironisk nok ekteskap. Trass prat om ekteskap holdt Oskeladden hovudet iskaldt, og tenkte han snart måtte vise sin kjærleik til prinsessa. På ei lita gangbru, som frå denne dag vert kalla for «litle Venezia», skulle Oskeladden stille sitt livs spørsmål.

«Renate? Eg tok ein telefon i dag, og det var greitt…», sa Oskeladden og satte seg ned på kne. Opp or veska hans drog han eit fint lite treetui, og opna denne i retning prinsessa. I likheit med den speilblanke overflata til ringen, lyste ansiktet hennar opp som ei sol!

Oskeladden rekna nesten med at ho skulle svare ja, men vart brått litt usikker. Utan å svare, og utan å seie noko som helst, kasta ho seg over han og gav han ein av dei beste klemmane han til no har fått. Då prinsessa slapp taket og såg dei spørjande augo til Oskeladden, innsåg ho at noko vesentleg mangla.

«Ja!» kom det kontant, før ho fortsatte: «Ja, ja, JA!».

Oskeladden kjente at adrenalinet fekk køyrd seg, men at det no var på veg tilbake til normal gjenge att.

Prinsessa hadde heile tida fortalt at om Oskeladden ein eller annan vakker dag hadde tenkt å kanskje fri, måtte ho få god tid til å planleggje bryllaup. Det fekk ho.

Sidan den gong og fram til i dag har turtelduene halde saman i tjukt og tynt. Attpåtil har dei fått ein ny fylgjesven i Mini Jack – ein liten blå sak på fire hjul som dei er særs stolt av.

27. juni var det duka for fest, og som du har sett var det mange inviterte. Espen Oskeladd har fått hånda til prinsessa si, og faktisk meir enn halve kongeriket på lasset!

Så om verda står lengre enn til påske, noko som er høgst truleg, lever dei nok lukkeleg i mange, mange år!

Renate har funne sin prins, og Espen si prinsesse.