Jula varer faktisk heilt til påske!

Me merkar etter vel to veker i huset at me går ei tid i møte der me må vere særs tilpassningsdyktige med tanke på oppussing og flytting av romfunksjonar frå det eine rommet til det andre. Men det som er kjekt, er at for kvar ting me no gjer ser me at det meir og meir vert eit komplett og finpussa hus!

Kjøkkenet ferdig, sa du?

Kjøkkenet før nedriving...

Kjøkkenet før nedriving...

Vårt ferdigoppussa kjøkken fekk ikkje vise si strålande prakt så altfor lenge. Etter fire-fem glansdagar med nymalt golv og skåp, vart det inn med plater og papp på golvet før skåpa vart røska ned frå veggen. Då pappa Åge fekk nyss i at sjefen hans skulle skifte ut kjøkkenet sitt, spurte han forsiktig om kva han skulle gjere med det gamle, med oss i tankane. Til svar fekk han at det kunne me berre få! Det virkar som om jula faktisk varer heilt til påske likevel?

Etter iherdig innsats frå Kvalheim Junior og Senior, pluss litt røyrleggjararbeid seinare, har me no eit heilt «nytt» kjøkken. Eller, det vil seie, etter me har malt litt kjøkkenfrontar så har me det… Gøy er det uansett å sjå at kjøkkenet ser ut som eit normalt kjøkken!

...og etter oppsetting av nytt.

Glimtar til med ein ny time-lapse video frå oppsettinga av kjøkkenet:

Opp og ned like langt…

Me trur dei førre eigarane var veldig glad i fargen grønn. Kjøkkenet, golvet og mange av romma var grønne, eller inneholdt grønne elementer. Etter å ha skrapt vekk lim og belegg på trappa vår, kom jammen meg grønnfargen fram her også. No gjenstår det å få vekk små flekkar med motstandsdyktig lim før eg kan byrje på favorittaktiviteta mi; pussing og sparkling. Den vert nok fin til slutt skal du sjå!

Previous

Godt nytt år!

Next

Knock, knock, anyone there?

4 Comments

  1. Shelton

    Gleder meg så sinnsykt masse til å komme «hjem». Dere er kjempe flinke 😀

  2. Dette ser veldig bra ut! Jeg gleder meg til å komme på besøk!

  3. Jeg blir helt stum av beundring … !

  4. Det byrjar å likne eit hus etterkvart, men jammen tek det tid! Gleder oss til å få alle «barna» på besøk!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén