Go with the flow…

«Jei sover ikkje, jai skrur!» - Andreas i fint driv!

«Jei sover ikke, jai skrur!» - Andreas i fint driv!

Etter to-tre veker med arbeid som knapt vises i det store og det heile, har me no tatt til med å gipse veggane på soverommet. Me får satse på at me har gjort godt nok grunnarbeid…

Leremeister og elev

Læremeister og elev

Ferdig med å isolerte veggar

Ferdig med å isolere veggar

På tysdag denne veka vart me ferdige med isoleringa, og no ser det jo ut til at det er eit heilt nytt hus med riktig avstand mellom stendarar og riktig mengde isolasjon me jobbar med. Vakkert! Etter å ha arbeida i tre veker med arbeid som knapt kan sjåast, er det no deileg å vere ferdig med denne delen av oppussinga. No er det berre «kosearbeid» som gjenstår. Eller, kanskje ikkje…

Plastic fantasic!

Litt fuktsperre må til, og den gjer at isolasjonen ikkje irriterar augo og nasa. Fantastisk! Dog, det er no me oppdagar at me har dagdrøymt under oppmåling av avstandar, men flinke som me er fikser me ALT!

Problem solved!

Problem solved!

Skru, sparkle, pusse, sparkle, pusse…

Skrumeisteren

Med gipsing er me eit steg nærare ferdigstilling av «fase 1» av oppussinga. Når me er ferdige med gipsinga er det to til tre veker med sparkling, pussing og maling som står på planen. Håpet er at me til utgongen av november er ferdig med det verste støvframbringande arbeidet, og så smått kan flytte inn. Diverre kan det jo fort ta litt lengre tid – heilt ferdig vert man jo aldri når man har ein einebustad…

Fantastico!

Previous

Sånn går nu dagan…

Next

Ein kort oppdatering

6 Comments

  1. Dette ser meget lovende ut! Gleder meg til jeg får anledning til å komme meg nedover 🙂

  2. Gleder meg masse til å se på slottet deres. Spar litt arbeid til oss også da 🙂

  3. Hehe! Det er nok av maling- og flikkearbeid som skal gjerast i månaden som kjem, så du kan slappe heilt av Shelton…

  4. Dette ser jo veldig bra ut… Hvilke rom jobber dere på? Alle?
    😛

  5. I teorien så gjer me det, men i praksis jobber me no med vårt soverom oppe sidan det der er mest å gjere per i dag. I neste veke er me nok tilbake i arbeid på resten av huset…
    Då er støvmaske eit must når man er i huset 😀

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén