Peiskos i Stavanger

Peiskos på Myhregaarden Hotel

Når økonomien er stram, er det viktig å planleggje ting lang tid i forvegen. Sidan august har eg (Espen) spart og planlagt kva overrasking eg skulle gje Renate i bursdagsgåve i helga som var. I tida før hadde eg gitt ho lappar om kva ho skulle pakke, og kva ho skulle gjere i forkant av overraskinga. Ho visste ikkje når og kvar om nokosomhelst. Etter å ha vore i huset kvar dag til kl 23 siste månaden, var det himmelsk deileg å kunne sette seg i bilen på fredag og sette kursen sørover for å gje ho ei hotellhelg i Stavanger.

Eg prøvde å finne eit hotell som skilte seg ut i mengda, men ikkje kosta skjorta. Eg fann tilslutt eit lite og kosleg hotell med peis, nemleg Myhregaarden Hotel. Det låg midt i byen, og var eit perfekt utgongspunkt for byvandringar, kafébesøk og ein deileg og romantisk middag på Bølgen & Moi. Planen var å ikkje tenkje på anna enn oss sjølv, og setje oppusinga i andre rekke. Det trur eg me klarte. Renate var kjempenøgd med overraskinga!

PS: Må få leggje til ein takk til mamma og pappa Kvalheim for å stelle med huset vårt mens me var vekkreist!

Previous

Bord for bord, skrue for skrue…

Next

Sånn går nu dagan…

1 Comment

  1. Mariah N.

    Så koselig!!! gøy overaskelse… herlig m n nygift getaway..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén