Førre helg vart nok ei dugnadshelg i huset. Kjeks vart kjøpt inn og med kaffi og saft vart det god stemning! Tregolvet i andre etasje vart teken opp bord for bord og nummert. Mens ein gjeng var inne og fekk opp golvborda, stod ein annan i sola og reingjorde dei for støv og anna som hadde kome ned i mellom spora gjennom åra.

Mykje ein finn som isolasjon i dørkarmar...
Kjell-Gunnar kom frå Bergen og fekk automatisk ansvaret for å køyra kvart golvbord gjennom avrettaren for å pusse av dei laget med lakk og mindre ujevnheitar. Eit par timar og x-antall sikringar seinare vart dei stabla i stova, klar til å takast opp og leggjast ned att att i andre etasje.

Pausar er viktig. Det var laurdag og graut stod sjølvsagt på menyen og Renate sine fantastiske bollar var dessert!
Etter å ha lagt inn nye støttebjelkar for å minke svika i golvet har me lagt ned isolasjon i golvet. Dette for å minke støyen opp og ned mellom første og andre etasje, men også for å holde varmen i stua når me varmar den opp. Me treng altså ikkje «fyre for kråkene» (Åge sine ord) heretter.

Viktig med HMT (Helse, miljø og tryggleik)!
Isoleringa av golvet vart ferdig på tirsdag, og i går kveld kunne me byrje å leggje ned att golvet. Me merkar at det er eit gamalt golv (eller sjarmerande som me kallar det) som vert lagt ned. Tross forsøket på å jevne overflata ut, er det fortsatt ein liten pussejobb som står på programmet før golvet kan malast og takast i bruk…
Christoffer
Visste ikke at dere skulle gå så grundig til verks! Imponerende oppussing. Bergen følger med på utviklingen og liker det 😉
pappa /svigerfar
Syns dåke er motige..trur det vert kjempefint når de er ferdige..godt med gode hjelparar ser eg :=))