Julematen er forlengst ferdig innteken, og den evige kampen om det gode nyttårsfortsettet er allereie på usikker grunn. Det er eit nytt år og mykje spennande står på programmet! Me ynskjer deg eit godt nytt år med ein oppdatering på kva som har skjedd dei siste par vekene…
Kategori: Soltun (Page 2 of 2)
Mykje har skjedd sidan sist: Stua er ferdig tapetsert, soverommet vårt manglar berre lister før det er klart, veggane på kjøkkenet er ferdig måla og det andre store soverommet er dekka med isolasjon og gips…
Er det eigentleg ein forskjell? Uanskvett har me nå gått frå å sei at me trur me kjem inn til jul til at me håpar skikkelig masse på å komma inn til jul! Ingen ska få sei noko anna enn at da iallefall går på fram!
Da viktigaste var å få hengt opp stjerno i vinduet, så var eg fornøyd! Stilfullt? Fekk tilogmed støt hos mannen så da blei lys..
Ei ny veke i huset er unnagjort med god hjelp frå foreldre, søsken, tanter og gode venner frå Bergen. No nærmar soverommet seg eit lag med måling, og arbeidet med å gjere kjøkkenet meir innbydande er i gong…
Sidan sist har me sett opp skilleveggen mellom romma oppe, og veggane har fått på seg eit lag med gips. Etter eit lite avbrekk i oppussinga førre veke er me no tilbake for fullt, og me skal etter planen ta til med sparkling av dette rommet i dag.

«Jei sover ikke, jai skrur!» - Andreas i fint driv!
Etter to-tre veker med arbeid som knapt vises i det store og det heile, har me no tatt til med å gipse veggane på soverommet. Me får satse på at me har gjort godt nok grunnarbeid…
Nå er gulvet lagt ned igjen og me syns det vart kjempefint! Deilig å vite at det er isolert mellom etasjane. Når me nå ska ha gips på veggane på soveromma oppe er me byrja trikse med litt lekter. Greit om det er litt 60-60.. På det eine rommet er me snart i mål med det, så da er det gipsen sin tur. Her er litt av prosessen i bileter..
Førre helg vart nok ei dugnadshelg i huset. Kjeks vart kjøpt inn og med kaffi og saft vart det god stemning! Tregolvet i andre etasje vart teken opp bord for bord og nummert. Mens ein gjeng var inne og fekk opp golvborda, stod ein annan i sola og reingjorde dei for støv og anna som hadde kome ned i mellom spora gjennom åra.

Andreas, pappa Åge og Jens-Tore renoverar soveromma
25. september klokka 14.00 – presis, overtok me huset vårt i Hornelandsvegen. Shelton, Jan Egil, Ruben, Christoffer, Ketil, og Andreas var innom den første helga og hjalp oss med nedriving av gulv og veggar og køyring/bæring av flyttelass. Det var flittige pausar foran Mac-ene og kaffimaskina, men det vart nokre gode arbeidstimar likevel! Etter den tid har familie og vener ellers tatt i eit tak for at me skal få flytte inn i eit nyoppussa hus nokre veker fram i tid!