Category: Bryllaupet (Page 1 of 2)

Ferietid og leiketid

Oline har fått Duplo — MASSE Duplo!

Juni har akkurat passert på kalenderen og Oline og underteikna har hatt opptil fleire fantastiske bursdagsfeiringar, og Renate og eg har feira bryllaupsdag med hjartepizza på tallerken og saft i glaset. Ferien er rett rundt hjørna og om den vert nytta til å slikke sol, leike med Duplo eller sparkle gjesterom, skal den utnyttast til det fulle!

Read More

Eit år er omme, og eit nytt i emning!

Det har vore stille på Soltun i sommar. Graset, tunet og oppkjørsla grodde saman til ei grøn slette, støvet hadde lagt seg finare enn nokon gong og døra har stort sett vore låst. Denne sommaren er det ei lita tulle som har trengt all den oppmerksomheit me kunne avsjå, men me har sett og høyrt at me ikkje har gått glipp av det finaste vêret mens me har vore innlosjert på sjukehuset i Haugesund.

Klokkene har for lengst kimt inn til jul, og det er kanskje på tide å oppsummere kva som har skjedd sidan sist. Mykje er nok gamalt nytt for dei aller fleste, men håpar likevel du tek deg tid til å skumme gjennom tekst og bilete!

Read More

Frå tru til von!

bilde-1

Er det eigentleg ein forskjell? Uanskvett har me nå gått frå å sei at me trur me kjem inn til jul til at me håpar skikkelig masse på å komma inn til jul! Ingen ska få sei noko anna enn at da iallefall går på fram!

Da viktigaste var å få hengt opp stjerno i vinduet, så var eg fornøyd! Stilfullt? Fekk tilogmed støt hos mannen så da blei lys..

Read More

Takk!

Etter ein fantastisk feiring kjem det no her eindel bileter frå bryllaupet vårt, 27. juni 2009. Du kan også lese eventyret om oss som stod i festheftet. Ikkje nøl med å legge att ein kommentar på bileta!

Fleire bileter og film?

For dei av våre gjester som ynskjer tilsendt ein CD med fleire bileter og film frå bryllaupet, ver venleg å ta kontakt med oss ved å sende ein e-post til bestilling@renateogespen.com. Hugs å leggje ved namn og adresse. Telefon/mobilnummer kan også vere greitt.

Redigeringa av bileta og filmen er endå ikkje ferdig, du vil verta informert om når den vert sendt ut!

Med takk og venlege helsingar frå
Renate og Espen
21. juli 2009

Tusen takk!

Teke av Sjurd Skutlaberg.

Teke av Sjurd Skutlaberg.

Fyrst av alt vil me berre seie tusen takk til alle gjestane og ellers alle som gjorde dagen vår så perfekt som den vart!

Read More

Tida flyr når man har det kjekt!

Utan å seie for mykje: Gled dykk til velkomsten!

Utan å seie for mykje: Gled dykk til velkomsten!

No er det ikkje så altfor lenge att til den store dagen! I følgje kalendarane våre er det fint lite tid til kino, kafébesøk og andre sosiale samankomstar dei siste dagane. No går det kun i detaljar, detaljar og detaljar.

Read More

Omkalfatring i planane!

kart

Fredagens grillfest har bytta lokasjon!

I anledning Aleksander Rybak’s overlegne seier i Melodi Grand Prix og grunna noko kommunikasjonsproblemar med folkehøgskulen, har fredagens bli-kjend-fest bytta lokasjon. Ta ein kikk på praktisk informasjon for utfyllande info samt vegbeskrivelse m.m.

Dagar/timar/minutt/sekund

brudgom og komande svoger i hardtrening

Brudgom og komande svoger har starta kampen om å vera best!

Frå i dag av utvidar me nedtellinga til vigsla startar, med timar, minutt og sekund! Kvifor? Bare på løye igrunn! Har man sansen for detaljar – så har man sansen for detaljar..

Long time – no see forresten.. Har vore litt skjer i sjøen i planleggjingsprosessen dei siste vekene, men me håpar og prøver å tru at alt skal ordna seg på beste måte til slutt. I tillegg har me hatt ein lei vannlekkasje i hybelen vår som har stjåle eindel timar. Men nå er det blitt så fint så!! Reknar med å bli heilt ferdig med den i morgon, så då blir det endå ein avkryssning på to-do lista vår.

Read More

God påske!

Påsken

Påskeharen har nett vitja oss og minna oss på at det i dag akkurat er eitt år sidan me trulova oss. Dei mest årvåkne gjestane har nok også lagt merke til at tidsfrista for å svare på invitasjonen no er gått ut. I tillegg til desse trivielle opplysningane kan me opplysa om at me har utvida ynskjelista vår på Tilbords, samstundes som me t.d har laga ynskjeliste på Sport 1 på Stord og på Sæbøvik gåver og leiker på Halsnøy.

Read More

I all beskjedenhet…

tilbords-arets-brudepar

Om du vil stemme på oss som årets brudepar 2009 skal du veldig gjerne få lov til det! Gå isåfall inn her og følg oppskrifta… Hadde vært supergøy om det hadde blitt oss i år! *smil*

Fleire av gjestene våre har dei siste vekene etterlyst ynskjelister frå oss. Dette har me omsider fått gjort noko med! Me har foreløpig lagt ut ynskjeliste hjå Tilbords og også nokre få ynskjer hjå Glass Thomsen. I løpet av påsken skal me også få ordna med ynskjeliste hjå Sport1 Stord og Sæbøvik gåver og leiker på Halsnøy. Andre ynskjer finn du under gåveliste her på bryllaupssida vår.

Page 1 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén