Skribent: Espen Morten Page 3 of 7

Oline er TV-kjendis!

Berre seks dagar gamal var Oline ute på sin fyrste flytur frå Bergen til Haugesund og det skulle ikkje ta meir enn 35 dagar før ho også kunne skilta med status som lokal TV-kjendis!

Hei på du, Oline!

Det gjekk nok litt fortare enn nokon hadde trudd og håpa på, men Oline er no komen til verda og allereie vorten ein stor del av familen Kvalheim på Horneland. Dette til tross for at hennar fødselsvekt ikkje var meir enn halvannan Nugattiboks til samanlikning…

Tunet er klart for sommar og sol!

Det ser jammen meg ut til at det er gått eit del veker sidan førre oppdatering, men me skyldar på ein god klatt latskap for det digitale etter at sola har gjort sitt inntog… Her er nokre korte oppdateringar med bileter som skal hente inn det «tapte». Som du ser er det ganske mykje meir enn berre oppussing som har vore på plakaten.

Knock, knock, anyone there?

Joda, me er fortsatt her! Sidan me er flytta inn må me berre seie at dei største tinga som er verdt å blogge om ferdig, men ikkje tru at me ligg på latsida for det: Me har måkt fleire tonn med snø…

Jula varer faktisk heilt til påske!

Me merkar etter vel to veker i huset at me går ei tid i møte der me må vere særs tilpassningsdyktige med tanke på oppussing og flytting av romfunksjonar frå det eine rommet til det andre. Men det som er kjekt, er at for kvar ting me no gjer ser me at det meir og meir vert eit komplett og finpussa hus!

Page 3 of 7

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén