Svolten på meir informasjon?

_mg_8599-2

Invitasjonar

Då var alle invitasjonar sendt avgarde! Me tenkte difor at me skulle oppdatere litt av informasjonen på nettsida vår. Om du ikkje har mottatt din invitasjon ligg den kanskje i postkassen i morgon. Om det ikkje skulle være tilfelle, og du meiner den skulle vært der, så får du gi oss ein lyd! Det kan jo hende det har skjedd ein glipp ein eller annan stad i leveringsprosessen. Me håpar og trur at alt har gått greit!

Tilbakemelding på invitasjonen

Om du befinn deg i situasjonen at du har fått invitasjon og har tenkt å ringe oss for å svare ja, vil me óg at du gir oss tilbakemelding på fylgjande: Vil du/dykk være med på felles frukost på sundagen? Skal du/dykk sove privat eller vil du/dykk leige rom på folkehøgskulen? Snakkar me folkehøgskulen vil me også vita om du/dykk kjem fredagen eller laurdagen, og om du/dykk vil leige rom med eller utan sengklede. Dyne, pute og ehh.. madrass til senga er inkludert. Me har både enkle og doble rom. Det er i tillegg mogleg på mange av romma å legge inn ekstra madrass(er) om dette er ynskjeleg. Kanskje eit billegare alternativ?

Det er veldig ynskjeleg at du/dykk ringer oss med tilbakemeldingane. Som du kanskje forstår blir det uendeleg mange spørsmål fram og tilbake på sms om ikkje.

Litt praktisk

Diverre har me per dags dato ikkje fått noko tilbakemelding på prisar på overnatting. Så snart me får dei i hende vil me legge dei ut under «Praktisk informasjon». Om du kikkar innom sida vår innimellom kan det vere lurt å følge med der. Det kan også plutseleg hende det ligg små overraskelsar til gjestene våre innanfor passordet frå invitasjonen. Det me foreløpig kan informera om på informasjonssida vår er korleis du finn vegen fram til vakre Halsnøy. Dette då med unntak av frå Luxemburg og Sverige. Dei får finna vegen til Noreg sjølv..!

Program for dagen

Det vert også småoppdateringar og finpussing av programmet undervegs, så følg med! ALT kan jo ikkje vere i boks 4 måneder før sjølve dagen..

Nå er det forresten bare 122 dagar att!!

Previous

Hei alle gjester!

Next

Oppdatert informasjon

2 Comments

  1. Sissel

    Å så spennande, Renate! Lykke til med planlegginga, eg fylgjer med innpå sida dåkes. Kjempefin side, forresten! Klem frå Sissel 🙂

  2. Tusen takk for utrulig masse koseleg tilbakemelding!! Blir så glad av å lesa da dåke skrive <3 Håpar sida gjer nytten 🙂 Veldig gøy at fleire enn gjestene våre syns det er kjekt å følge med her. Me gleder oss heilt vilt til den store dagen og storkoser oss med planlegginga! Kom gjerne med idéer også 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén