Tunet er klart for sommar og sol!

Det ser jammen meg ut til at det er gått eit del veker sidan førre oppdatering, men me skyldar på ein god klatt latskap for det digitale etter at sola har gjort sitt inntog… Her er nokre korte oppdateringar med bileter som skal hente inn det «tapte». Som du ser er det ganske mykje meir enn berre oppussing som har vore på plakaten.

Oline

Det er kanskje kjent for dei fleste allereie, men me skal verta foreldre! Tidlegare i vår fekk me sjå at det er ei lita prinsesse Renate har i magen sin på ultralydskjermen. Me fekk eit par gode bileter, men fekk ikkje eit skikkeleg profilbilete av ansiktet (sjå bilete øverst). Ho er enten sjenert, eller kanskje arva Renate sine leike-gener og gøymer seg for oss med vilje? Renate har alltid hatt lyst på ei jente kalla Oline, og eg var ikkje den som kan nekte ei prinsesse det namnet! Sidan hennar oldemor og mine tre tipp-tipp-oldemødre også heiter det er det jo ekstra kjekt å gi ho det namnet.

Me er vertfall spente begge to på korleis ho ser ut og kven ho er! Gleder oss!

Etter å ha vore brukt som roterom, byrja me på oppussinga av barnerommet hennar førre veke. Plassmontert skap er riven vekk, skråtak skal isolerast og panel skal på plass både på vegg og i tak. Samstundes er prosjekt «Bedtime» i gong (me kaller det eigentleg ikkje for det, men i skrivestil høyres det fantastisk kult ut…): Senga, nyinnkjøpt frå brukthandelen i Sagvåg, er pussa ned og skal etter små reparasjonar målast og verta eit relativt flott møbel som veks saman med Oline.

Når ting vert heilt gresk…

Til bryllaupet vårt i fjor var me så heldige å få ein del gåvekort av forskjellige slag, blant anna eit reisegåvekort. Det nytta me for to veker sidan til å reise ned til varmen på Kreta. Dette var ein fantastisk tur med avslappa atmosfære ved basseng- og strandkanten på og ved Hotel Theo. Me besøkte hamna i Chania og fant mange artige butikkar og kaféar på vår vandring i dei tronge gatene i gamlebyen.

Her er litt smakebileter frå turen:

Kveldsstemning på Hotel Theo

Dei er vertfall ærlege i Chania!

Utsikt frå gamle hamna i Chania

Oline smiler fint etter å ha fått solkrem på!

Gatene i Chania var fascinernde og flotte

Røvær – ei perle for slitne kroppar

Utsikta frå rommet me fekk

Espen vann i haust gåvekort på ei helg på Røvær Kulturhotell i ei trekning på jobben. Dette vart nytta tidleg i mai og vart eit godt avbrekk i hektiske tider, både for oss to og Oline inni magen. Ingen biltrafikk, berre sol, frisk luft og blide mennesker!

Renate og Oline slapper av på kaien på Røvær

Sånn ellers då?

Trappa og gongen er ferdigmåla, og det gjenstår (som alltid?) litt listing før denne nærmar seg ferdigstilling. I tillegg har forværelset til dusjrommet fått baderomsinnredning og ventar på siste finish med badestamp, stellebenk og eit strøk måling.

Epletreet har fått ein etterlengta og kraftig overhaling

Hage og uteområdet er teke meir i bruk etter sola no har byrja å varme og lysne litt lengre utpå kvelden. Parasoll er kjøpt inn og ein gamal grill frå Espens onkel i Amerika – eh, Bjelland, fortset sin misjon på tunet.

Det spirar og gror i hagen

Rosmarin og diverse anna er i jorda i drivhuset. Jordbæra spirer og gror også, men det ser ut til at det kan ta litt til før me kan hauste dei og nyte dei med mjølk/fløyte og sukker på…

Pausar er halve jobben – minst!

Etter at røyra våre fekk seg ein forstoppelse i vinter starta me denne veka med dugnad i hagen for å finne fram til kor røyret hadde fått seg ein liten kakk. Gjengen frå Bjelland stilte friviljug opp med spade, krafse, og -brett. Me stilte sjølvsagt med forfriskningar som brus, kaffi og godteri, kjeks og kake som var igjen etter bursdagsfeiringa mi i hagen dagen i førvegen!

Previous

Vårtegn i hagen!

Next

Hei på du, Oline!

3 Comments

  1. Ser nå ut til at dere virkelig koser dere! 😀

    Og noen kjente bilder var det og.

    Alltid artig å se bilder fra kjente plasser
    http://www.flickr.com/photos/mia_holte/809895751/

    😉

  2. Me har faktisk akkurat same utsnittet som deg på eit av dei andre bileta me har frå Chania-turen 🙂 Fin plass (og fint bilete)!

  3. Jeanette

    Herlig med lille Oline i magen 🙂 Kos dere masse.
    Gleder meg til å se bilder av barnerom (regner med at dere legger ut noen ja ;)) og øvrige rom.
    Goood sommer til dere fra familien Arntzen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén