Godt nytt år!

Julematen er forlengst ferdig innteken, og den evige kampen om det gode nyttårsfortsettet er allereie på usikker grunn. Det er eit nytt år og mykje spennande står på programmet! Me ynskjer deg eit godt nytt år med ein oppdatering på kva som har skjedd dei siste par vekene…

Ho, ho, ho!

Jula vart feira med heile familien Sjo på Halsnøy. Pinnekjøttet satt som alltid godt i magen, og stemninga var forventningsfull til kva alle gåvene hadde av innhald. Etter eit heidundrandes spleiselag frå begge familiane, og god hjelp frå Julenissen, fekk Renate endeleg Terapi Masteren ho har ynskja seg i lang tid. Tårevåt oppleving!

Bryllaup og nyttårsfeiring på Runde

Våre gode venner Ragnhild og Torkild valgte nyttårsaftan til å gifte seg på. Etter vigsle i Hareid kyrkje, vart fylgjet invitert til bryllauspfest på Runde. Eit fyrverkeri av eit bryllaupder altså! *dagataDISH*

Jula er ute – me er inne!

Etter å tatt oss fri frå alt som har med oppussing og husarbeide i jula, har me no tatt på oss arbeidskleda og byrja å svinge målekostar og hammer att. Etter hjelp frå fjern og nær, foreldre, søsken og ovannemnte brudepar, har me no ferdigstilt soverommet  og stua vår, (nesten) komplett med lister og det heile! Senga er komen på plass på soverommet og i stua er sofaen plassert saman med TVen og stereoanlegget. Som far til Espen sa: «Det byrjar å sjå ut som ei stue!».

Utsikten vår frå soveromsvinduet.

Utsikten vår til Halsnøy. Meiner det er landafeltet me ser gjennom Goliaten.

Vår fantastiske raude pipemur har fått seg tre velfortente strøk med maling. I videoen over kan du sjå time-lapse (teken med iPhone faktisk) av prosessen med fyrste strøk.

I tillegg til dette er linoleumet i dei resterande romma i andre etasje vorten historie, og det gamle tregolvet viser seg i all si slitte prakt. På bildet ser du Marius og Jan Emil i rivningsbransjen. Tak og lister i gong og kjøken er ferdigmåla, straumen er tilbake for fullt i alle rom, gamle slitte røyr er skifta ut i kjellaren og vaskemaskina er testa og i flittig bruk!

Knapt ei veke etter bryllaupet deira kom fam. Georgsen på arbeidsleir til Hornelandsvegen. Då blei golvet lagt i stova. Espen og Torkild stod for at golvet blei lagt, mens Renate og Ragnhild sørga for å testa at det virka etterpå.

Ragnhild og lille Oskar har lunsjpause.

Då var golvet, sofaen og lyden på plass og Torkild har funne gokroken. Kven treng meir enn da? Tusen takk for fantastisk god hjelp og sosial opptur til dei nygifte!!!

Golvet på kjøkenet har også fått seg ein ny look, og arbeidet med å ferdigstille rommet er rett rundt helga!

Taklampa fekk me av besteforeldra til Espen i Måløy (som dei hadde frå "tante" Signe).

Sidan me no er komen såpass langt i oppussinga, flytta me likegodt inn i huset no på måndag denne veka. Me kan med handa på hjarta seie at det er ein deilig følelse å endeleg kunne bu i sin eigen heim att!

Previous

Det durar og går!

Next

Jula varer faktisk heilt til påske!

7 Comments

  1. SÅ fint dåkke har fått det Renate!!! Så kjekt de har slått dykk til på «Sumarøyo». Vi slår oss ned på Rubbestadneset til sommaren, og gler oss til å bli sunnhordlendingar att:) Håpar vi sjåast ein gong då!! Lykke til med resten av arbeidet- gamle hus er evighetsprosjekt. Men veldig kjekt og! Klem

  2. Jan Egil

    Ja, nå kan dere bråke så mye dere vil… Kanskje vi tør å komme på besøk om stund 🙂 Hvis vi får lov…

  3. Kanon! Dette ser bra ut! Og besøk er obligatorisk, Jan Egil.

    Espen, er det meningen at bildene skal være trykkbare? De fører bare til bildet, uten at det er noe større liksom. Ikke at det er noen big deal 😛

  4. Esmaragda Nagarajah

    Dette her blir jo bra!! 🙂 Besøk er obligatorisk ja!!

  5. @jocke: Eg skreiv teksten, Renate fiks bileta, men klikkbarheita er det nok WirdPress som står for. Skal vere einig at det ikkje var mykje meining i 🙂 Skal fikse så snart eg har ei datamaskin foran meg, iPhone er ikkje den beste til å redigere slikt på 🙂

    Besøk? Obligatorisk!

  6. Ragnhild

    Hæææ droppa dokke den raude «mursteinsveggen»?? den so var so classy? skuffa;)

  7. Var ikkje så vanskeleg valg, akkurat…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén