Stikkord: oppussing

Godt nytt år, folks!

Me skulle nok ha publisert dette innlegget for ein halv evigheit sidan, men det har rett og slett vorte nedprioritert i alle baugar og kantar. Sidan sist har det vore både hauststormar og jul. Nok ein gong utan at snøen heilt veit korleis den skal oppføre seg i slike tider. I huset har me fått svingt både kost og sleiv, og eit nytt år er akkurat byrja!

Ferietid og leiketid

Oline har fått Duplo — MASSE Duplo!

Juni har akkurat passert på kalenderen og Oline og underteikna har hatt opptil fleire fantastiske bursdagsfeiringar, og Renate og eg har feira bryllaupsdag med hjartepizza på tallerken og saft i glaset. Ferien er rett rundt hjørna og om den vert nytta til å slikke sol, leike med Duplo eller sparkle gjesterom, skal den utnyttast til det fulle!

Tiddelibom!

Leik er viktig!

Dagane går fortare og fortare, og me kompenserer med å ta ein ting av gongen. Prioriteten vår siste tida har vore det familiære, men me har likevel fått gjort eindel oppussing og flikking i huset likevel.

Eit år er omme, og eit nytt i emning!

Det har vore stille på Soltun i sommar. Graset, tunet og oppkjørsla grodde saman til ei grøn slette, støvet hadde lagt seg finare enn nokon gong og døra har stort sett vore låst. Denne sommaren er det ei lita tulle som har trengt all den oppmerksomheit me kunne avsjå, men me har sett og høyrt at me ikkje har gått glipp av det finaste vêret mens me har vore innlosjert på sjukehuset i Haugesund.

Klokkene har for lengst kimt inn til jul, og det er kanskje på tide å oppsummere kva som har skjedd sidan sist. Mykje er nok gamalt nytt for dei aller fleste, men håpar likevel du tek deg tid til å skumme gjennom tekst og bilete!

Me har fått hus!

Soveromma

Andreas, pappa Åge og Jens-Tore renoverar soveromma

25. september klokka 14.00 – presis, overtok me huset vårt i Hornelandsvegen. SheltonJan EgilRubenChristoffer, Ketil, og Andreas var innom den første helga og hjalp oss med nedriving av gulv og veggar og køyring/bæring av flyttelass. Det var flittige pausar foran Mac-ene og kaffimaskina, men det vart nokre gode arbeidstimar likevel! Etter den tid har familie og vener ellers tatt i eit tak for at me skal få flytte inn i eit nyoppussa hus nokre veker fram i tid!

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén