Program for dagane

Fredag 26. juni 2009

Vigsla startar såpass tidleg på laurdagen at me reknar med at nokre, om ikkje dei aller fleste, gjester kjem til Halsnøy dagen før. Difor vil me laga til ein såkalla «bli-kjend-kveld» denne dagen. Dei av våre gjester som bur på Halsnøy er sjølvsagt også hjartans velkomne om nokon skulle spørje seg. I stranda til Fam. Mehammer på «Sjo» (sjå kart) fyrer me opp grillane frå ca. kl. 18.00, set opp partytelt og kosar oss saman nokre timar (avsluttar rundt kl. 22.00). Om du har noko du har lyst å ta med (som boccia, badminton, gitar, kort, trompet, hoppetau eller anna meir eller mindre kreativ moro), er det veldig lov!! Me stiller med grillar, grillmeister og salat, men alle må ta med grillmat, drikke og anna tilbehør utanom dette sjølv. Det vert også kaffi og truleg vafler og slikt utover quellen. (Me kjøper inn fat, bestikk, koppar og serviettar)

kart

Om det er mogleg for deg som er ung og spretten å ta med campingstol/sitteunderlag/tepper el.l anbefaler me å gjere dét. Me kjem til å setja opp nokre bord og stolar i og utenfor teltet, men neppe nok til alle!

Hugs å ta med badetøy og handklede!

Om du ikkje har bil, og treng skyss innover til grillfesten, treng du ikkje uroa deg. Det er mange som bur på folkehøgskulen med bil som du heilt sikkert kan låne eit sete av. Om det ikkje skulle la seg ordne er det berre å gi oss ein lyd, så ordner me med skysseltrafikk til alle som ynskjer å delta er på plass.

Til deg som køyrer bil: Følg med her inne for oppdatering på parkeringsmoglegheiter. Me må ta eit par telefonar før endeleg info om dette legges ut.

Satsar på skyfri himmel og tørre grøne bakkar!

Laurdag 27.juni 2009

Me tenker å ha ein litt annan vri på dagen vår. Dette fordi me har veldig mange me har lyst å dele denne dagen med og klarer rett og slett ikkje velge. Dvs. Etter vigsla kjem brudeparet saman med aller næraste familie til å reise ut i klosteret å ha ein liten intim middag. De andre av våre gjester vert tilbydd ein «enklare» middag på Sunnhordland Folkehøgskule. Middagen på folkehøgskulen kjem til å ha egne toastmastere osv. så du skal verta godt teke vare på til brudeparet ankommer et par timar seinare.

  • 13.30: Vigsle, Eid Kyrkje.
  • 15.00: Velkomstdrinker, frukt og hyggje på Sunnhordland Folkehøgskule
  • 16.00: Velkomst i Amfiet i kulturløa
  • 16.00: Familiefotografering i klosteret (foreldre, søsken, besteforeldre og tantebarn)
  • 16.30: Middag i klosteret for brudeparet m/aller næraste familie
  • 17.00: Middag på Sunnhordland folkehøgskule
  • 19.00: Brudeparet m/familie kjem til folkehøgskulen
  • 19.02: Fotografering av brudeparet saman med alle gjester
  • 19.33: Bryllaupsfest inkl. kaffimat og nattmat

Sundag 28.juni 2009

Felles frokost på folkehøgskulen kl. 10.00-11.30.

Tilbakemelding på invitasjonane

Om du befinn deg i situasjonen at du har fått invitasjon og har tenkt å ringe oss for å svare ja, vil me óg at du gir oss tilbakemelding på fylgjande:

Vil du/dykk være med på felles frukost på sundagen? Skal du/dykk sove privat eller vil du/dykk leige rom på folkehøgskulen? Snakkar me folkehøgskulen vil me også vita kva type rom (enkelt eller dobbelt), kven som skal bu der, om du/dykk kjem fredagen eller laurdagen og om du/dykk vil leige rom med eller utan sengklede og handklede.

Det er veldig ynskjeleg at du/dykk ringer oss med tilbakemeldingane. Som du kanskje forstår blir det uendeleg mange spørsmål fram og tilbake på sms om ikkje.

Prisar på overnatting ved Sunnhordland folkehøgskule

(Alle senger/madrasser er sjølvsagt inkludert dyne og pute)

Rom m/sengklede og handklede: Rom u/sengklede og handklede
Dobbelt: kr. 540,- Dobbelt: kr. 340,-
Enkelt: 340,- Enkelt: 200,-

NB! Prisane gjeld pr. natt.

Vil du og kameraten/venninna/familien din gjere overnattinga litt rimelegare er det også mogleg å legga ekstra madrass på gulvet på alle romma. På nokre av romma er det mogleg å legge fleire madrasser. Om du vil ha rom der det er plass til reiseseng til bebisen i tillegg; gjer oss merksam på dette.

Ekstra madrass m/sengklede og handklede: kr. 120,-

Ekstra madrass u/sengklede og handklede: kr. 50,-

Dykk blir sjølv enig om fordelinga av den totale prisen.

Betaling kan enten gis kontant til oss/foreldra våre eller settes inn på konto 3520.15.48800 (sei/merk med kven og kva du betaler for så me får registrert dette ryddig og greit) helst innan 1.juni.

Til du/dykk som skal bu på folkehøgskulen frå fredagen

Det vert ikkje frukostservering på laurdagen. Denne må du/dykk stå for sjølv. Det er eige kjøken på alle internata. Matvarebutikkane på Halsnøy er opne fram til kl 20.00 fredagskvelden, og opnar igjen kl 09.00 laurdag morgon. Næraste butikk ligg eit par kilometer unna. I sentrum (ca.3-4 km) har me også verdas beste bakeri, med verdas desidert beste skulebolle!

Reiseruter og vegbeskrivelse:

Med bil og ferje

Sidan me ikkje vil ha skuld for at forklaringane våre fører til at at du køyrer feil når du skal til Halsnøy, har me bedt om assistanse frå Gule Sider. Trykk på lenkjene under for å få vegbeskrivelse (for bil) frå følgjande stader:

Snøggbåt

Frå Bergen er det mogleg å ta snøggbåt heilt fram til Ranavik.

Flaggruten

Eit anna alternativ er Flaggruten. Frå Bergen, Stavanger og Haugesund går Flaggruten innom Leirvik. Frå Leirvik kan du ta snøggbåt vidare til Ranavik (sjå ruter over). I nokre tilfeller går Flaggruten heilt fram til Ranavik. Du kan bestille billettar på førehand.

Kystbussen

Får Bergen, Stavanger eller Haugesund kan du også reisa med Kystbussen. Du går da av på Leirvik og spaserer bort til «nattrutekaien» (spør bussjåføren om du er i stuss) og tar snøggbåt vidare derfra til Ranavik. Her kan du også bestille billettar på førehand.

Fly

Du kan også fly til Bergen lufthavn Flesland, Haugesund lufthavn Karmøy, Stavanger lufthavn Sola eller Stord lufthavn Sørstokken, for så å reise vidare derifrå.

Ta evt. kontakt med oss om du står fast, så skal me prøve å hjelpe til så godt me berre kan!

Med forbehold om endringar