- og livet vårt i Hornelandsvegen

100 dagar att!

Skriven torsdag 19. mars 2009 av Renate · 2 kommentarar

Ein liten shoppingrunde på IKEA

Ein liten shoppingrunde på IKEA

Nedtellinga av dagar har starta for lenge sidan for vår del. Nå byrjar me på timar og sekundar snart… *smil*!

Mange har allereie meldt sin ankomst, og svardato for dei resterande nærmar seg med stormsteg. Detaljplanlegginga er ikkje over, men godt på veg. Me har byrja handla inn til pynt på borda, diverse stæsj til lokala og planlagt blomar og designa buketten. Onkelen til Espen stiller med 2 stk partytelt á 40m2 til fredagen og Jostein er snart ferdig med maling av golv i blackboxen. I påsken tek me turen til Halsnøy med solid mannskap og skal sjå over alt me treng av krokar, wire, lyd, lys osb. Me ser langt meir enn berre konturane nå!

All informasjon me så langt kan sjå du treng ligg under praktisk informasjon, men er det fortsatt noko du lurer på tar me meir enn gjerne imot tips her eller på e-post! Kanskje det er fleire som lurer?

Håpar alt står bra til med dykk adle i hop!

Kommentarar

alt dette og mere til står i min kjeller, hjelp. Kjem da meir !!!???:-D

hehehe :D Ja, faktisk! Men ikkje så veldig masse.. Snart ferdig nå mamsen! ;)

Legg attende ein kommentar

Kategoriar

Sånn ca. direkte frå flickr

Working in the sun!The kid's room beeing renovatedAn apple a day...

Her kjem det fortløpande bilete frå oppussinga og livet på Soltun... Sjobing!