Berre seks dagar gamal var Oline ute på sin fyrste flytur frå Bergen til Haugesund og det skulle ikkje ta meir enn 35 dagar før ho også kunne skilta med status som lokal TV-kjendis!
Kategori: Livet ellers (Page 2 of 2)
Det gjekk nok litt fortare enn nokon hadde trudd og håpa på, men Oline er no komen til verda og allereie vorten ein stor del av familen Kvalheim på Horneland. Dette til tross for at hennar fødselsvekt ikkje var meir enn halvannan Nugattiboks til samanlikning…
Det ser jammen meg ut til at det er gått eit del veker sidan førre oppdatering, men me skyldar på ein god klatt latskap for det digitale etter at sola har gjort sitt inntog… Her er nokre korte oppdateringar med bileter som skal hente inn det «tapte». Som du ser er det ganske mykje meir enn berre oppussing som har vore på plakaten.
Joda, me er fortsatt her! Sidan me er flytta inn må me berre seie at dei største tinga som er verdt å blogge om ferdig, men ikkje tru at me ligg på latsida for det: Me har måkt fleire tonn med snø…
Julematen er forlengst ferdig innteken, og den evige kampen om det gode nyttårsfortsettet er allereie på usikker grunn. Det er eit nytt år og mykje spennande står på programmet! Me ynskjer deg eit godt nytt år med ein oppdatering på kva som har skjedd dei siste par vekene…
Mykje har skjedd sidan sist: Stua er ferdig tapetsert, soverommet vårt manglar berre lister før det er klart, veggane på kjøkkenet er ferdig måla og det andre store soverommet er dekka med isolasjon og gips…
Når økonomien er stram, er det viktig å planleggje ting lang tid i forvegen. Sidan august har eg (Espen) spart og planlagt kva overrasking eg skulle gje Renate i bursdagsgåve i helga som var. I tida før hadde eg gitt ho lappar om kva ho skulle pakke, og kva ho skulle gjere i forkant av overraskinga. Ho visste ikkje når og kvar om nokosomhelst. Etter å ha vore i huset kvar dag til kl 23 siste månaden, var det himmelsk deileg å kunne sette seg i bilen på fredag og sette kursen sørover for å gje ho ei hotellhelg i Stavanger.