Julekort-2012

Det er ei stund sidan sist oppdatering her på sida vår. Det har retten og sletten ikkje vore ekstra tid siste halve året. Prioriteringane våre har naturleg nok vore å leika med våre to små og fått med oss små og store hendingar i livet deira!

Me håpar på å kome sterkt tilbake, det vera seg til neste år eller seinare, men førebels får de kosa dykk med årets julekort frå familien  Kvalheim. I år har me henta inspirasjon frå 1866. Enkelt og greit!
Kan du finna nissen?

Då er det berre for oss å ynskje deg og dine ei velsigna julehøgtid og alt godt for det nye året!