Tida flyr når ein har det kjekt vert det sagt. Det kan me bekrefte her og no! Me har hatt så mykje å halda fingrane i at me ikkje har hatt tid til (iallefall ikkje prioritert) å halde dykk oppdaterte på kva som skjer til kvardags i Hornelandsvegen. For det har ikkje mangla på hendingar! Berre les vidare så skal du få sjå…

Madel

Fredag 9. mars kl 05.10 ved hastekeisersnitt kom vesle Madel til verda! Til tross for at ho kom ei veke på overtid viste vekta passelege 2 488 fantastiske gram og ho hadde ei lengd på 44 cm.

Ho veks for kvar dag og smiler med auge og munn til verda! Stas!

Huset

Endeleg er me i gong med årets vårvask! Det har teke si tid å få kjøpt inn alt utstyr, men det er mest tida som diverre ikkje har strukke til før no. Samstundes svirrar våre stadige planar for å få påbyrja arbeidet med utbyggjing på oppsida av huset…

Lyst på kjøkken?

Skal du ta til med eit mindre kjøkkenoppussingsprosjekt? Då har me eit relativt komplett kjøkken til deg! Me meiner det kan passe perfekt som eit kjøkken nummer to eller til ein hybel. Sjekk ut annonsene våre på FINN og Fribi.