Det durar og går!

Soltun i vinterdrakt

Mykje har skjedd sidan sist: Stua er ferdig tapetsert, soverommet vårt manglar berre lister før det er klart, veggane på kjøkkenet er ferdig måla og det andre store soverommet er dekka med isolasjon og gips…

Kokkekunst

Etter eg og far min klura det til med murpussen bak komfyren på kjøkkenet, måtte Andreas komme oss til unnsetning og ta finishen. Me vart ståande og nyte synet av ein mur som etterkvart som han svingte pusseklossen lyste av fagleg dyktighet. Rett og slett vakkert!

Jens pusser

Jens-Tore gjer forarbeidet til muren bak komfyren.

Frå fjernt og nært

Her om dagen (omlag to veker sidan) fekk eg ein telefon frå Shelton der han lurte på kva mine planar for kvelden var. Eg svara slik eg har svart folk siste to månader, at eg ikkje hadde andre planar enn å ordne i huset. «Treng dykk hjelp?» var orda som då kom frå andre enden. Sidan han og Jan Egil hadde fri og ikkje hadde noko anna å ta seg til, kom dei frå Bergen for å hjelpe til. Etter gryterett heime på Bjelland, fekk Jan Egil malarkosten i handa og satte i gong med å male eit strøk til på skuffer og skap før han hjalp Shelton med panelegging på soverommet.

Renate kom ut i løpet av den kvelden for å skape god stemning og for å pushe Shelton og Jan Egil til å levere panel fort nok, slik at ho kunne spikre dei på plass.

«We have it on tape(t)…»

Mens Odd har isolert, montert opp fuktsperre og tapetsert, har Frøydis svingt kosten på dei resterande veggpanela og på skuffer og skap til kjøkkenet. I tillegg tok Reinert seg av pussing og sparkling av dørar og bisto Odd med tapetseringa av stova siste veka.

Her er det igjen å måle veggar, vinduskarmar, brantmur, leggje golv, liste og skrubbe peisen.

Sov godt!

Soverommet har fått sine tre lag med måling på golvet, men om det vert ferdig med lister innan sølvgutane syng jula inn vil kun tida vise. Uanskvett: Me nærmar oss stadig innflytting!

God jul!

Julekortet 2009

Klikk for større versjon!

Etter å ha måka eit ukjent antal kvadratmeter oppkjørsel har eg fått ein ny lærdom: Det er ikkje berre ein positiv ting å ha ein stor oppkjørsel… Huset og me er straks klare til å ta juleferie, men før det er det nok eit par småputling som må til. På tysdag kjem elektrikaren for å koble det elektriske slik at det vert permanent straum i huset sin andre etasje, og ein av dagane får me hjelp av naboen til foreldra mine på Bjelland til å skifte eit røyr i kjellaren som har gått lekk.

Sidan me mest sannsynleg ikkje kjem til å poste noko nytt før jul og nyttår, vil me nytta sjansen til å ynske dykk ei riktig god jul og eit godt nytt år!

PS: Fleire bileter kjem i dette innlegget, så det er berre til å kikke innom!

Previous

Frå tru til von!

Next

Godt nytt år!

5 Comments

  1. Det var utrolig kjekt å være hos dere. Håper at dere blir ferdige «lenge» før jul og at dere kan ta en skikkelig god ferie. Det fortjener dere;).
    God Jul og Godt nytt år.

  2. Jeg gleder meg til å se huset! Dere er så flinke! God jul 🙂

  3. Gøy å se at det går fremover! Dette blir flotte saker!

    Skal ikke se bort ifra at jeg tar turen nedover utpå nyåret 🙂

  4. Anneli

    IMPONERT! Flinke dåke e! Og opp i all jobbinga, så får dykk tid til å lage julekort, og takkekort – som underskrivne meiner er heilt fortryllande! Kjære Espen og Renate: Me ( Fam. Tafjord ) ynskjer dykk ei strålande jul, -og mykje kos, lys og varme!! Glad i dykk! <3

  5. Takk, takk, takk og takk! Me syns sjølv at me er flinke som får alt til å gå opp! Renate skal ha æra for å få julekort og takkekort ut til folk. Det skal verta deileg å ta juleferie på onsdag, men trur ikkje det vert noko flytting før jul…

    Som nemnt: Fleire bileter kjem! Eg hadde gløymt minnepennen som bileta låg på heime…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén