Me har fått hus!

Soveromma

Andreas, pappa Åge og Jens-Tore renoverar soveromma

25. september klokka 14.00 – presis, overtok me huset vårt i Hornelandsvegen. SheltonJan EgilRubenChristoffer, Ketil, og Andreas var innom den første helga og hjalp oss med nedriving av gulv og veggar og køyring/bæring av flyttelass. Det var flittige pausar foran Mac-ene og kaffimaskina, men det vart nokre gode arbeidstimar likevel! Etter den tid har familie og vener ellers tatt i eit tak for at me skal få flytte inn i eit nyoppussa hus nokre veker fram i tid!

_MG_7073

_MG_7066

_MG_7068

_MG_7042

_MG_7106

_MG_7083

_MG_7084

_MG_7097

Det virka litt rart å gå laus på eit vilt framande hus, men når det nå har pågått oppussingsarbeid i vår regi eit par veker føler me meir og meir det er vorte vårt eige. Alle teppa og linoleumsgolva er flekka ut og eit fantastisk flott tregulv dukkar opp i kvart eit rom! Gleda var også stor då me fann ut at det var isolert i alle veggar; noko som sparar oss for både arbeid, tid og pengar.

_MG_7087

_MG_7118

Er ikkje dette bryllaupssida lengre?

Renate hjerter Espen

Sidan me no er ferdige med bryllaupsforberedelsar og viktig informasjon til bryllaupsgjestene våre, tenkte me at me kunne nytte sida vår til å fortelje om det kvardagslege i den nyetablerte familien Kvalheim. Legg likevel igjen litt bileter og tekst frå bryllaupssida sånn i tilfelle du skulle ha behov for å mimre litt.

Fleire oppdateringar kjem etterkvart, både når det gjeld oppussinga og livet ellers. Stay tuned!

Previous

Takk!

Next

Dag 13

11 Comments

  1. mia

    Gratulerer så mye! Så koselig! Vi gleder oss til å få vårt eget hjem vi og…det tar bare alt for lang tid 😀

    Dere er heldige!
    Lykke til med oppussing!

  2. I vårt tilfelle har ting gått sabla fort: Frå å ha ein leilegheit på 27 kvadrat i Bergen før bryllaupet, til no å ha godt over 150 kvadrat (samla sett) på Stord, gift og ny jobb. Livet er fantastisk av og til!

  3. Synd jeg ikke kunne komme 🙁 Gleder meg til jeg får sjangs å ta turen nedover….

  4. Steike rommet ser helt annerledes ut nå. Jeg kjente ikke igjen hvor det var før jeg måtte lese teksten. Gleder meg masse til neste gang vi er tilbake igjen.

  5. Ting skjer fort i desse dagar, Shelton! No er taket og veggane i stova malt, og kjøkkenet står for tur…

  6. Steike. Legg ut bilder da. :D:D:D:D:D

  7. Slæpp off! Det kjem ny oppdatering plutseleg!

  8. Ser frem til flere bilder 😀 Dette blir spennende å følge med på! 🙂

  9. La til litt fleire bileter i dette innlegget.. Kos dykk!

  10. Når skal vi ta turen nedover «igjen», gutter?

  11. Ragnhild

    Hei søtnosane mine! gler mej masse til å sjå huset! ferdig med eksamen i dag, so no e vi straks klare for å kome på arbeidsleir:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén