Soveromma

Andreas, pappa Åge og Jens-Tore renoverar soveromma

25. september klokka 14.00 – presis, overtok me huset vårt i Hornelandsvegen. SheltonJan EgilRubenChristoffer, Ketil, og Andreas var innom den første helga og hjalp oss med nedriving av gulv og veggar og køyring/bæring av flyttelass. Det var flittige pausar foran Mac-ene og kaffimaskina, men det vart nokre gode arbeidstimar likevel! Etter den tid har familie og vener ellers tatt i eit tak for at me skal få flytte inn i eit nyoppussa hus nokre veker fram i tid!

Read More