Category: Livet ellers (Page 1 of 2)

God jul, folkens!

Me må innrømme at årets julekort er kraftig inspirert frå leiketida i barndomen vår — i alle fall Espen sin. Lego/Duplo er òg vorten ein stor del av kvardagen til våre to minste, og då falt det naturleg å gjennomføre temaet!

God jul og godt nytt år ynskjes alle våre kjære og nære!

Julekort-Familien-Kvalheim-2014

God høgtid til deg!

Julekort-2012

Det er ei stund sidan sist oppdatering her på sida vår. Det har retten og sletten ikkje vore ekstra tid siste halve året. Prioriteringane våre har naturleg nok vore å leika med våre to små og fått med oss små og store hendingar i livet deira!

Me håpar på å kome sterkt tilbake, det vera seg til neste år eller seinare, men førebels får de kosa dykk med årets julekort frå familien  Kvalheim. I år har me henta inspirasjon frå 1866. Enkelt og greit!
Kan du finna nissen?

Då er det berre for oss å ynskje deg og dine ei velsigna julehøgtid og alt godt for det nye året!

Haust, vinter, vår, sommar…

Tida flyr når ein har det kjekt vert det sagt. Det kan me bekrefte her og no! Me har hatt så mykje å halda fingrane i at me ikkje har hatt tid til (iallefall ikkje prioritert) å halde dykk oppdaterte på kva som skjer til kvardags i Hornelandsvegen. For det har ikkje mangla på hendingar! Berre les vidare så skal du få sjå…

Read More

Godt nytt år, folks!

Me skulle nok ha publisert dette innlegget for ein halv evigheit sidan, men det har rett og slett vorte nedprioritert i alle baugar og kantar. Sidan sist har det vore både hauststormar og jul. Nok ein gong utan at snøen heilt veit korleis den skal oppføre seg i slike tider. I huset har me fått svingt både kost og sleiv, og eit nytt år er akkurat byrja!

Read More

Går som det susar!

20111125-215806.jpg

Det lir mot jul og gjeremåla er mange. Oline har også funne ut at det er kjempegøy å gå på beina, og elskar å bruke kroppen både til turn og anna!

Read More

Ferietid og leiketid

Oline har fått Duplo — MASSE Duplo!

Juni har akkurat passert på kalenderen og Oline og underteikna har hatt opptil fleire fantastiske bursdagsfeiringar, og Renate og eg har feira bryllaupsdag med hjartepizza på tallerken og saft i glaset. Ferien er rett rundt hjørna og om den vert nytta til å slikke sol, leike med Duplo eller sparkle gjesterom, skal den utnyttast til det fulle!

Read More

Tiddelibom!

Leik er viktig!

Dagane går fortare og fortare, og me kompenserer med å ta ein ting av gongen. Prioriteten vår siste tida har vore det familiære, men me har likevel fått gjort eindel oppussing og flikking i huset likevel.

Read More

Noregs vakraste stad

Bergene Melk arrangerar i disse dagar ein konkurranse der ein kan sende inn sitt bevis på den vakraste staden i Noreg. Eg er fødd og oppvaksen på sommarøya Stord, men fint lite kan gi deg betre feriefølelse og ro enn naboøya Halsnøy. At kona er derifrå gjer det ikkje akkurat verre!

Read More

Ta deg tid

Det nærmar seg nokre herlege fridagar no i påska og vêrmeldinga ser ikkje så aller verst ut den heller. Uanskvett om du endar opp med å ta ferien på fjellet eller påsjøen, er det viktig å ta seg tid. Tid til dei som betyr noko.

Read More

Eit år er omme, og eit nytt i emning!

Det har vore stille på Soltun i sommar. Graset, tunet og oppkjørsla grodde saman til ei grøn slette, støvet hadde lagt seg finare enn nokon gong og døra har stort sett vore låst. Denne sommaren er det ei lita tulle som har trengt all den oppmerksomheit me kunne avsjå, men me har sett og høyrt at me ikkje har gått glipp av det finaste vêret mens me har vore innlosjert på sjukehuset i Haugesund.

Klokkene har for lengst kimt inn til jul, og det er kanskje på tide å oppsummere kva som har skjedd sidan sist. Mykje er nok gamalt nytt for dei aller fleste, men håpar likevel du tek deg tid til å skumme gjennom tekst og bilete!

Read More

Page 1 of 2

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén