Tiddelibom!

Leik er viktig!

Dagane går fortare og fortare, og me kompenserer med å ta ein ting av gongen. Prioriteten vår siste tida har vore det familiære, men me har likevel fått gjort eindel oppussing og flikking i huset likevel.

Oline sitt rom har stått øverst på ynskelista når det gjeld ferdigstilling og no etter nesten åtte månader er rommet i bruk med nymåla seng og leiker! Eg har snikra saman ein liten video som viser prosessen frå nedriving til måling av nytt tak. Spennande? Yes!

Etterkvart skal me leggje ut før og etter bileter av dei romma me er ferdige med. Stay tuned!

Fase ut, fase inn…

Pappa Åge har svingt blyanten og kome med eit forslag (eigentleg fire, men me er visst kresne) til påbygg og ny planløysing etter våre ynske. Planane er langt frå ferdige — noko som også gjeld påbyrjing av det me likar å kalle fase 2… Kom innom på kaffi om du vil kikka inn i framtida til Soltun!

Før me kan «setja spaden i jorda» for den fasen skal me gjere ferdig gjesterommet/bibliotek/kontoret i andre etasje. Det vert fantastisk å få dette ferdig! Som oppvarming har me rusta opp vårt midlertidige gjesterom med nytt golv og nymåla lister. No er det litt kjekkare å få deg på overnatting!

Ut på tur, aldri sur!

Kvikklunsj og kakao er alfa omega!

Eg kan ikkje hugse sist eg var på fjelltur med kakaoen og Kvikklunsjen i sekken. Uanskvett hadde eg meg ein fantastisk tur saman med familien på Bjelland til eit vatn utan namn. La oss kalle det «vatnet-under-kraftlinene-i Beinadalen».

Pappa Åge prøver seg på fiskelukke.

Det var ikkje så altfor mykje fisk å få, men eit par erfaringar rikare på kvar me kanskje skulle dra og telte neste gong, vart me i alle fall! Ettersom vêret plutseleg slo om frå sol og varme til vind, regn og kulde, fylgde me fjellvettregelen om å snu i tide!

…og så til slutt

No er det langhelg og det er tid for å kople av kvardagens kjas og mas. Me har ikkje lagt særlege planar, men me kjem nok til å bevege oss litt rundtom! I tillegg har me i dag (1. juni) vore saman i fire fantastiske år!

Kva har du gjort i det siste, og kva er planane dine for helga og resten sommaren?

God langhelg!

Previous

Noregs vakraste stad

Next

Ferietid og leiketid

6 Comments

  1. Har så sinnsykt lyst til å henge med dere snart. Savner dere syyykt mye no :):):):):)

  2. Snart, Shelton, SNART! Me ser ei stigande kurve for økonomien, og det betyr ein snarleg visitt til Bergen!

    Me sjåast plutseleg!

  3. Mia

    Så artig video! Det er jo blitt skikkelig stilig! Ha en flott dag 🙂 Stor klem

  4. Du gløymde den minste røde koppen i byggverket Espen!

  5. Oline hadde hadde teke krav i den, så eg måtte nesten fullføre byggverket utan den!

Legg att eit svar

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén