Tida flyr når man har det kjekt!

Utan å seie for mykje: Gled dykk til velkomsten!
No er det ikkje så altfor lenge att til den store dagen! I følgje kalendarane våre er det fint lite tid til kino, kafébesøk og andre sosiale samankomstar dei siste dagane. No går det kun i detaljar, detaljar og detaljar.
Dei store viktige tinga er no på plass: Lyd, lys, brudekjole, dress og lokaler er på stell. I tillegg har me fått inn betaling frå dei aller, aller fleste som skal overnatte på skulen, og det nesten utan å purre andre plassar enn her på nettstaden vår.
Det som gjenstår er ting som festheftet (gled dykk til denne), henge opp plakatar som viser deg vegen rundt på skulen, bordkort/-dekking, pynting/blomsteroppsatsar og rett og slett få folk innlosjert…
Det vert heftige fem dagar me no tek til på, men me gler oss ubeskriveleg masse til den store dagen!
Utdritningslag
Takk til Regine og Kjell for fantastiske utdritningslag! Det kom overraskande på oss begge to, så her har forlovarane gjort ein heltemodig innsats for å lure oss vordane ektefolk. Sett vekk i frå litt skada tuppar i håret til Renate og ein stiv, støl og blå kropp hos Espen, kom begge også frå det med livet i behold.
Kva som skjedde desse dagane kjem dykk nok til å få vite under festen…
Og no: Véret

Ikkje det at det kom som ei overrasking på oss, men etter det yr.no rapporterar så vert det varmt på dagen vår. 25 grader og strålande sol!! ..er jo kanskje ikkje anna å venta når ein har bestilt finvéret halvanna år på forskudd..
Du kan med fordel stikka innom her oftere dei påfylgjande dagane. Hyppige oppdateringar i vente!
Kommentarar
Legg att ein kommentar ved å trykkje her eller rull deg ned på sida
Gleder meg så siiiiiiiiiinnnnnnnnsyyyyyyyyyykt.
Me får lov til å byrja rigga i dag! Eddabedda
Woho!
Urettferdig
Det ser ufattelig lekkert ut på bildene
Dette blir gøye saker ja
Trur det blir bra! Nå er eg på vei til Bergen!! Rakk ferja med ein margin på -minus 7 sek. Snille ferjefolk som senka lemmen igjen for meg
snakkast gutar!!!
Zalo Shelton!
Litt mindre oppdateringer her enn me hadde tenkt dei siste dagane, men sjitt øu!
i morgon er deg grillfest!!!
Jaaaa, jeg venter på bilder:)hehe….Gleder meg stort…
Gratulerer med bryllupsdagen i går
Håper dere hadde en kjempeflott dag! =) Hilsen oss i sør…
Tusen takk!!!
me hadde ein OVERPERFEKT dag!!! Ekstremsportvekefinalen vart flytta til Halsnøy i år! Nå er me på veg til Tyrkia. Har mac’n med da.. Bilder kjem plutselig!
Halaisen Renate og Espen.
Gratulera så masse med dagen hilsen karmøybuen stian


