Eit år er omme, og eit nytt i emning!

Det har vore stille på Soltun i sommar. Graset, tunet og oppkjørsla grodde saman til ei grøn slette, støvet hadde lagt seg finare enn nokon gong og døra har stort sett vore låst. Denne sommaren er det ei lita tulle som har trengt all den oppmerksomheit me kunne avsjå, men me har sett og høyrt at me ikkje har gått glipp av det finaste vêret mens me har vore innlosjert på sjukehuset i Haugesund.

Klokkene har for lengst kimt inn til jul, og det er kanskje på tide å oppsummere kva som har skjedd sidan sist. Mykje er nok gamalt nytt for dei aller fleste, men håpar likevel du tek deg tid til å skumme gjennom tekst og bilete!

1 år, 1 månad, 1 veke, 1 time og 1 minutt…

Mini Jack var den einaste som mangla på feiringa...

Onsdag 4. august klokka 15.08 (sånn cirka), hadde Renate og eg vore gift i 1 år, 1 månad, 1 veke, 1 time og 1 minutt. Sidan me ikkje fekk sjans til å gå på hverken Magnet-konserten i Stord kyrkje eller spise ein betre middag 27. juni, bestemte me oss for at 4. august var dagen me skulle feire denne hendinga skikkeleg. Barnevakt var jo ingen problem!

Me pynta oss og spankulerte ned på Big Horn på strankaien i Haugesund og nytte eit betre måltid saman. Straks etterpå var det opp att til sjukehuset for å sjå til Oline og ha ei hyggeleg familiestund resten av kvelden — alle tre. Den einaste som var sårt sakna, i alle fall om du spør Espen, var Mini Jack…

Godt over halvmeteren!

Oline heia fram Marthe Valle i årets X-factor. Det ser ut til at det hjalp!

Familien er no samla under eitt tak i Hornelandsvegen! I haust har me fått testa om huset er i stand til å takle familielivet, og kan bekrefte at det gjer det! Oline veks og trivst her, noko mammaen og pappaen kan sjå frå dag til dag. Ved sist veging (29. desember) vog ho 4850 gram og var bortimot 57 cm frå topp til tå. Til tross for at ho kom ut ein del for tidleg er musklane snart klar for å ta fatt på oppdagingar på stovegolvet — og ellers i verda. Flinke vesle jenta!

Man tager det man haver…

Spisestuestolane og senga til vesla har også fått eit par-tre strok med måling.

Til tross for lite tid i heimen har me fått ein del på stell likevel. Eg har hatt eit par turar heimom i sommar for å sjekke til at alt stod bra til med huset. Listene i gongen er no heilt på plass og rommet til Oline byrjar å ta form med ny isolasjon i tak og panelet er på plass på veggen! Her manglar det berre litt måling, lister og golvleggjing så kan ho få drøyme søtt på eige rom!

Kjøkkenet har også fått eit ekstra løft denne hausten. Gamle skap, som både me og andre har hatt liggjande, har me målt og sagd opp for å få på plass nye skap både under og over den nye benkeplata.

God jul og godt nytt år!

Me skal ikkje setje inn ein lovnad om hyppigare oppdateringar i det nye året, men ein kan alltids håpe og ha ynskjer om det! Til slutt vil me med årets julekort på plass ynskje alle saman ei fortsatt god romjul og alt godt for 2011!

Previous

Oline er TV-kjendis!

Next

Ta deg tid

1 Comment

  1. Hilde

    Gler meg te masse te fleire gode stunder i 2011 🙂 Helsing Hilde og Trond, Emilie og Maya

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén