Dagar/timar/minutt/sekund

brudgom og komande svoger i hardtrening

Brudgom og komande svoger har starta kampen om å vera best!

Frå i dag av utvidar me nedtellinga til vigsla startar, med timar, minutt og sekund! Kvifor? Bare på løye igrunn! Har man sansen for detaljar – så har man sansen for detaljar..

Long time – no see forresten.. Har vore litt skjer i sjøen i planleggjingsprosessen dei siste vekene, men me håpar og prøver å tru at alt skal ordna seg på beste måte til slutt. I tillegg har me hatt ein lei vannlekkasje i hybelen vår som har stjåle eindel timar. Men nå er det blitt så fint så!! Reknar med å bli heilt ferdig med den i morgon, så då blir det endå ein avkryssning på to-do lista vår.

Med tanke på tilbakemelding på invitasjonen er det fortsatt litt informasjon me treng frå nokre av dykk. Er du heilt sikker på at me har fått vite om du skal koma eller ikkje på frukosten på sundagen f.eks? Veit me om du kjem fredag eller laurdag eller om du tar med sengety og handklede sjølv?

Når all tilbakemelding frå alle er registrert vil me senda ut sms til dei som skal bu på folkehøgskulen med beløp og kontonummer til konto kronene skal plasserast. Om du allereie har vore lur nok og funne ut kor mykje du skal betala, og har funne kontonummeret pengane skal betalast til under praktisk informasjon, er det bare å koma oss i forkjøpet. Husk bare å merke med namn og kva du betalar for sånn at me får det registrert ryddig og greit. Hadde vore særs praktisk for oss om alt var innbetalt innan 1.juni. Dette fordi då kunne me gjort opp med folkehøgskulen og brukt energien vår på andre ting den siste månaden. E du me? *smilefjes*

Ei lita påminning: Har du huska å stemma på oss som årets brudepar? Din stemme er inngangsbilletten til bryllaupsfesten vår og dette er ein ekte skummel trussel! neida.. Men hadde jo vore ektremt løye å vunne ein så gjev tittel då!

Ellers så går dagane i å laga overraskelse som vert servert under velkomstfesten i kulturløa, laga borddetaljar, laga skilter, hefter, skjemaer for både det eine og det andre, i tillegg til innkjøp av diverse rekvisita. Erfarer det er flaks me har «sponsormidlar» på konto.. Har også fått delegert eindel oppgåver vidare til andre som har meldt sin interesse, og det er me svært takksame for! Er det noko du tenker at du har lyst å hjelpe til med er det bare å sende oss eit pip! Me treng eksempelvis grillmeister og fotballtrenarar på fredagen, gåvebordansvarleg på laurdagen, hjelp til pynting, at nokon er tilgjengeleg for henting/bringing,  osb. Bare å være kreativ! Kanskje me skulle lagt ut stillingsannonser? hihi

OBS! Om det er nokon som framleis ikkje har fått det med seg vil me igjen opplyse om at det, for våre gjester, på grillfesten fredagen er lov å ta med born/familie/barnevakter osb. som ikkje er invitert i bryllaupsfesten på laurdagen. Bare husk å ta med grillmat nok til alle!

Har tenkt endel på at det blir både gøy, rørande, sprøtt, rart, morosamt og digg å treffe så mange mennesker me er glad i frå sååå mange forskjellige sammenhenger samla på ein og same stad samstundes! Innrømmer det har pipla nokre tårer bare ved tanken… Prøver å forberede oss på dette, men det er vanskelig å forestille seg!

Nyt det deilige været adle i hop!

Suss frå Naten og Eppe

Previous

God påske!

Next

Omkalfatring i planane!

6 Comments

  1. Han innante

    Er det et kjendispar som skal gifte seg?

  2. Wee… jeg gleder meg så masse!!!!!

  3. Han innante: Om du karakteriserar oss som kjendisar er svaret ja 😀
    Synøve: Då er me tre!

  4. Blir supergøy Synøve!!

  5. Jaja… ting faller på plass 😀

    Lukke til! 😀

  6. Hey! Gratulere!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén