— og livet vårt i Hornelandsvegen

Dag 13

Skriven torsdag 8. oktober 2009 av Espen · 3 kommentarar

Kjøkkenet har sett betre dagar...

I dag har eg (Espen), min pappa og hans pappa putla litt uti huset. Mål for dagen var å flikke litt på stua og kjøkkenet samt sjå om me kunne få opp gipsplater i andre etasje. Det var ikkje like enkelt som det høyrdes ut.

Dette er eit gamalt hus og gamle hus har ein tendens til å vere tronge. Dette gjeld særleg i trappeoppgangane. Vårt hus er ikkje noko unnateke.

Gelenderstolpen måtte vike

Den øvre gelenderstolpen måtte vike etter at gipsplata me skulle teste med vart delvis maltraktert i Operasjon Gips. Heretter skal det nok gå som ein vakker draum å få opp alle gipsplatene som skal til for å halda fuglekvitter og bilstøy ute. I tillegg går diskusjonen rundt dette med golvet. Alle andre vil at me helst skal fjerne det eller legge parkett oppå. Etter litt om og men ser det no ut til at me kan ta opp bord for bord, merke dei med eit nummer, isolere under golvplankane, forsterke bjelkane og legge ned att borda etter den nitige nummereringa.

Samarbeidet min farfar og meg hadde i går med tapetfjerning fortsatte me i dag på pipa i gongen. Effektive som me var fekk me vekk all tapet på rekordtid. Synet som møtte oss under tapeten var minneverdig: Mintgrøn og rosa på kva si side av pipa er eit sjeldent vakkert skue. Skal ikkje sjå vekk i frå at me kjem til å male den…

Bestefar Osvald fliser av garde

Mens eg gjorde siste finish på pipa, satte pappa og min 83 år gamle farfar inn nådestøtet på dei ikkje fullt så appetitlege flisene på kjøkenet. Deileg å få det vekk!

Ting tek tid, men det går stadig framover!

Kommentarar

Så flinke dere er!!! *stolt*
…og her er eg! ..på Halsnøy å bare slappe av og ikkje gjere anna enn å kosa meg og savna deg Espen..!
Det blir så bra kjære!!!

Er ein viktig ting det også! Kan ikkje berre jobbe oss i hjel…

tar av meg hatten…dere har vært flinke! Gleder meg til å se huset!

Legg attende ein kommentar

Kategoriar

Sånn ca. direkte frå flickr

Renovation of our guest bedroomRenovation of something, eh, old...Springtime is here!

Her kjem det fortløpande bilete frå oppussinga og livet på Soltun... Sjobing!