Etter ein fantastisk feiring kjem det no her eindel bileter frå bryllaupet vårt, 27. juni 2009. Du kan også lese eventyret om oss som stod i festheftet. Ikkje nøl med å legge att ein kommentar på bileta!

Fleire bileter og film?

For dei av våre gjester som ynskjer tilsendt ein CD med fleire bileter og film frå bryllaupet, ver venleg å ta kontakt med oss ved å sende ein e-post til bestilling@renateogespen.com. Hugs å leggje ved namn og adresse. Telefon/mobilnummer kan også vere greitt.

Redigeringa av bileta og filmen er endå ikkje ferdig, du vil verta informert om når den vert sendt ut!

Med takk og venlege helsingar frå
Renate og Espen
21. juli 2009